Om løpet

Konkurranseklasse

  • 350 kr for løparar som er 23 år og eldre

  • 300 kr for løparar som er mellom 15 og 22 år

I konkurranseklassen er det påbode med sekk, som må vege minst 2,5 kg. Deltakarane må sjølve bere med seg klede i sekken, for det kan vere kaldt på toppen! Merk at aldersgrensa for konkurranseklassen er 15 år.

Mosjonsklasse

  • 200 kr for alle som er 23 år og eldre

  • 100 kr for alle som er 22 år og yngre

Born yngre enn 12 år kan kun delta i følgje med foreldre eller andre ansvarlege vaksne. Arrangørane oppmodnar alle i mosjonsklassen om å kome seg til topps på Raudmelen før kl. 13:00 for å lage god stemning i målområdet når konkurranseløparane kjem stormande i mål. Alle i mosjonsklassa bør ta med drikkeflaske som dei kan fylle opp på drikkestasjonen på Buråsi (575 moh.).

Familiar

Familiar som melder på 3 eller fleire betaler makspris på 400 kr. Dette gjeld kun for deltakarar i mosjonsklassa og kan ikkje gjerast ved påmelding på internett. Dette gjer de ved påmelding i sekretariatet på løpsdagen eller dagen før. Me gjer merksam på at dei som melder seg på i familieklassen må fylle ut eitt påmeldingsskjema per familiemedlem.

Lisens

Norges friidrettsforbund (NFIF) krev lisens for alle startande over 13 år. Eingongslisens er eit val de kan gjere når de melder dykk på. Arrangementet er underlagt NFIF sitt regelverk og har dermed alle gjeldande forsikringsordningar på arrangementet. Aktive utøvarar og mosjonistar vert forsikra gjennom gjeldande lisensordning ved påmelding eller med eigen årslisens.

Etter løpet

Alle, både mosjonistar og konkurranseløparar, som startar nedturen medan løparar framleis er på opptur, har «vikeplikt» og må vise omsyn. Etter løpet er det blomstersermoni og premieutdeling på Kviknes Hotel kl. 16:00. Etterpå er det bankettmiddag.

Premiar

Me har følgjande premiar, som gjeld for både kvinner og herrar:

  1. plass: 5.000 kr

  2. plass: 2.000 kr

  3. plass: 1.000 kr

I tillegg til dette er det premiering i alle klassar.

Premiering av skuleklassar og bedrifter

Balestrand Opp premierer dei skuleklassane og bedriftene som har høgast prosentvis deltaking i høve til totalstorleiken. Skulen eller bedrifta sender inn ei namneliste med deltakarprosenten til: post@balestrandopp.com.

Sponsorar