Balestrand Opp 2024
Balestrand Opp 2024 laurdag 7. september fekk ei fantastisk ramme
Den 9. utgåva av motbakkeløpet vart avvikla i strålande vêr og sommarlege temperaturar. Til saman deltok 172 deltakarar; 115 mosjon og 57 på tid. Deltakarliste for mosjon og konkurranse finn du her.
Ei stor takk til frivilege medhjelparar, elevar frå Sygna VGS og Balestrand Røde Kors. Alle desse er viktige aktørar for at vi klarer å gjennomføre eit såpass stort arrangement.
Takk til alle mosjonistar og konkurranseløparar som bidrog til å skape ein folkefest i fjellet denne flotte laurdagen i september.
Løyperekordar konkurranse
2019 var siste året med vektkrav til sekken i konkurranseklassen.
Etter det er det berre krav om at sekken skal innehalde vindjakke, bukse, trøye, hue, hanskar og energimat. Sekkevekta har derfor gått ned frå ca. 2,5kg til ca. 1,5kg eller mindre. Forskjellen i vekt gir merkbart utslag på dette nivået. Derfor vil dei beste vinnartidene med 2.5 kg sekk i kvinne og herreklasen bli ståande som løyperekordar.
Tung sekk (2,5 kg)
2019: Geir Steig, Luster IL (40.19.00)
2019: Anita Iversen Lilleskare, BFG (47.13.70)
Lett sekk (1,5 kg)
2022: Johann Bugge, Eidsvåg IL(38:00:6)
2022: Anita Iversen Lilleskare, BFG Bergen Løpeklubb (46:44:6)
Uttakingsløp VM
I 2022 var Balestrand Opp eit av to uttakingsløp for VM i motbakkeløp i Thailand.