Mosjonsklasse Balestrand Opp og Rundt

Laurdag 6. september

Kort løype mosjon 6km

Etter start på Kreklingen stadion går løypa i ein opparbeida sti opp til Orrabenken ca. 400 moh. Etter Orrabenken kjem du til Orramyri og derifrå ein relativ flat sti til dagsturhytta “Balabu”. Vi planlegg å få til ulike aktivitetar for barn/familie i området nær hytta. Etter Balabu går stien vidare til Fjærestadstølen. Deretter nedover ein opparbeida sti til skogsveg, deretter ca. 870m nedover skogsvegen til Fjærestadgrovi, herifrå sti attende til Kreklingen stadion. Denne løypa på ca. 6 km er tenkt nytta til mosjonsklassen utan tid.

Start kl.09.00 -11.30

Deltakarar i mosjonsklassen har valfritt starttidspunkt mellom kl 09.00 og 11.30 frå Kreklingen stadion eller frå Ja-steinen.

Kiosksal frå kl. 11.00

I klubbhuset i Belehalli er det kiosk med sal av brus, popkorn, burger, lappar, kaffi.

Deltakaravgift mosjon:

  • Barn opp til 16 år gratis (til og med 10. klasse)

  • Kr 100 ungdom 16 - 20 år

  • Kr 200 vaksen over 20 år

Påmelding mosjon:

  • Løpsdagen 6. september: I sekretariatet i Belehalli eller ved Ja-steinen ovanfor Sagatun skule frå kl. 09:00 -11.30.

  • Born yngre enn 12 år kan kun delta i følgje med foreldre eller andre ansvarlege vaksne. Arrangørane oppmodar alle i mosjonsklassen om å kome seg gjennom løypa (6km) før kl. 13:00 for å lage god stemning i målområdet. Alle i mosjonsklassen bør ta med drikkeflaske.

Uttrekkspremiar - mosjon

I mosjonsklassen vert det trekt ut fine premiar på startnummer.

Etter løpet

Etter løpet er det premieutdeling konkurranse og uttrekkspremiar mosjon på Kretlingen stadion/startområdet ca. kl. 16:00.

Premiering av skuleklasse

Balestrand Opp og Rundt trekker ut ein (1) grunnskuleklasse med deltaking i Balestrand Opp 2025. Uttrekt klasse får gratis bading i Høyanger-badet.