Reise og opphald

Kor ligg Balestrand?

Reisa hit

Frå Bergen og andre stadar langs kysten er det lett å kome seg til Balestrand med ekspressbåten, som legg til i Balestrand sentrum, like ved Kviknes Hotel og startområdet. Frå Bergen kan ein ta det som ein dagstur:

08:00 Båt frå Bergen
11:55 Ankomst Balestrand
12:30 Løpestart
16:55 Båt frå Balestrand
20:45 Ankomst Bergen

Billettar kan ein kjøpe her.

Frå Oslo og andre stadar i aust kan ein ta Sognebussen til Sogndal og så lokalbuss til Balestrand.

Langvegsfarande kan ta fly til Sogndal (Haukåsen) eller Førde (Bringeland). Billettar kan ein kjøpe frå Widerøe. Frå begge flyplassane tek det cirka 1,5 timar å køyre til Balestrand. Bil kan ein leige hos Balholm bilutleige. I tillegg er det bussamband til Balestrand frå flyplassane.

Overnatting

Det finst fleire overnattingsstadar i Balestrand. I sentrum ligg Kviknes Hotel og Midtnes Hotel. På Dragsvik, 15 minutt utanfor sentrum, ligg Dragsvik Fjordhotell.

Sponsorar