Konkurranse Balestrand Opp og Rundt 2025

Laurdag 6. september

Etter start på Kreklingen stadion går løypa i ein opparbeida sti opp til ca. 400 moh. Derifrå ein relativ flat sti til dagsturhytta “Balabu” og vidare til Fjærestadstølen. Deretter nedover på ein opparbeida sti og skogsveg (950m) til Fjærestadgrovi, vidare inn på sti og kort skogsveg mot Skåsheim og Bruavoll. Herifrå oppover opparbeidd sti og nedover ein skogsveg ( ca. 450 m). Frå skogsvegen inn på opparbeidd sti mot Sandstølen, og vidare på opparbeidd sti/skogsveg over Balestrand til målpassering på Kreklingen stadion. Denne lange løypa er på 9 km er tenkt nytta til konkurranse på tid.

Start konkurranse på Kreklingen stadion ved Sagatun skule laurdag 6. september kl. 13:30.

Resultat konkurranse Balestrand Opp og Rundt 6. september 2025

Yngste konkurranseklasse er 13 år (f. 2012)

Prisar

Påmelding frå 1. februar kl. 00:00 til fredag 5. september kl. 24:00.

Vi oppmodar deg om å melde deg på via nettsida innan fredag 5. september kl. 24:00.

  • 150 kr 13-17 år dersom heilårslisens

  • 180 kr 13-17 år dersom eingongslisens ( kr 30)

  • 300 kr 18-22 år dersom heilårslisensheilårslisens

  • 340 kr 18-22 år inkl. eingongslisens (kr 40)

  • 400 kr 23 år og eldre dersom heilårslisens

  • 440 kr 23 år og eldre dersom eingongslisens ( kr 40)

Påmelding 6. september til kl. 13:00, men då med eit tillegg på 100 kr.

Kiosksal frå kl. 11.00

I klubbhuset i Belehalli er det kiosk med sal av brus, popkorn, burger, lappar, kaffi.

Konkurranseklassar

Kvinner/menn: 13,14,15,16, 17, 18-19, 20-22, 23-34, 35-39, 40-44, 45-49, 50-54, 55-59, 60-64, 65-69, 70-74, 75-79, 80+

Startnummer

Henting av startnummer i konkurranseklasse i sekretariatet i Belehalli laurdag 6. september kl. 09:00 - 12:30.

Hugs lisens

(NFIF) krev lisens for alle startande over 13 år i konkurranse. Ved arrangement utanfor bane kan du velge mellom engongslisens og heilårslisens. Ved påmelding i konkurranse under Balestrand Opp må du stadfese betalt heilårslinsens for 2025 via offentleg tilgjengeleg lisenssjekk.

Premiar - kvinner og menn

  1. plass: 2.000 kr

  2. plass: 1.500 kr

  3. plass: 1.000 kr

I tillegg til er det premiering i kvar aktuell konkurranseklasse for menn og kvinner.

Etter løpet

Etter løpet er det premieutdeling konkurranse og uttrekkspremiar i startområdet på Kreklingen stadion ca. kl. 16:00.