1
2
3
4
5
6
Sprang inn til ny løyperekort under Balestrand Opp
Sjølv om vêrgudane ikkje viste seg frå sin beste side la ikkje dette noko dempar på stemninga under årets motbakkeløp i Balestrand. Tilsaman 72 aktive løparar trossa regn og sludd opp den 5,8 kilometer lange løypa mot Raudmelen 972 m.o.h. Ein av dei var fjorårsvinnar Øyvind Sundby, Tjalve, som i tillegg til å vinne årets løp sprang inn til ny løyperekord på tida 40:35. Den utflytta balestrendingen som spring for Tjalve har vunne til saman tre av dei fire motbakkeløpa i heimbygda si. Han hadde også den førre rekorden på 41:55 frå 2016. Les heile artikkelen.