Raudmelen og Baly-hytta i kveldsol. Foto: Helge Pedersen

Registrere turar til dei fire store 2024.

Du kan registere turane dine på to måtar:

  • utan tid med DNT-appen "UT.no"

  • på tid med Strava.

Dei fire store er: Raudmelen, Vindreken, Keipen og Tjuatoten.

Registrere turar utan tid - DNT-app

Periode: Frå 17. juni til og med 31. oktober.

Vi inviterer også i år turfolket til å bruke DNT appen “UT.no” når dei besøker dei fire store. Her kan du registrere tal turar til kvar. Vi registrerer dine unike besøk og totale besøk. DNT Sogn og Fjordane har oppretta liste/lenke som må følge for å bli registrert: UT.no | Topptur Balestrand - Fjellgeit 2024

Det er ikkje deltakaravgift i trim.

Registere turar på tid - Strava

Periode: Frå 17. juni til og med 31. oktober

Konkurranseklassar for kvinner og for menn:

  • K>20, K20-24, K25-34, K35-44, K45-54, K55-64, K65-69, K70-74, K75-79, K80+

  • M>20, M20-24, M25-34, M35-44, M45-54, M55-64, M65-69, M70-74, M75-79, M80+

     

Det er konkurranse for kvar topp og samla tid for alle fire. Deltakaravgift konkurranse (Strava) er kr. 100. Betal med Vipps til Balestrand Idrettslag: #86212

Registrering i samband med deltaking Balestrand Opp 2024, 07. 09.2024 er ikkje med.

Nytt korrekt Strava-segment

NB! Dersom du vil at aktiviteten/tida di skal vere synleg for oss på leiartavla, klikkar du på redigeringsikonet og set personvernkontrollane til «Alle».

Til Raudmelen er det to Strava-segment. Det eine segmentet går frå Ja-steinen til Varden og det andre til Baly (hytta). Namnet på segmentet du nyttar er: Ja-steinen-Raudmelen (Varden 972 moh)

Til Vindreken er det eitt segment. Dette startar ved parkeringsplassen i Indre Ese og følgjer egga/ranen opp til varden. Namnet på segmentet du nyttar er: Vindreken

Til Keipen Vi legg segmentet som startar framme i dalen til grunn, dvs. start ved gangbrua ca. 900m frå parkeringsplassen ved fylkesveg 55. Namnet på segmentet er: Brua-Keipen (offesiell)

Til Tjuatoten er det start ved parkeringsplassen attmed trafostasjonen og følgjer stien opp til varden på toppen.  Namnet på segmentet du nyttar er: Parkering - Tjugatoten 1098 moh (offisiell)

Etter 31. oktober legg vi ut resultat og premiar for både trim (DNT-app) og konkurranse (Strava):

https://balestrandopp.com/resultat-konkurranse-og-trim2023