Løypa

Traséen

Løypetraséen er 5,4 km lang, og går frå Kviknes Hotel til toppen av Raudmelen, 970 meter over fjorden. Startskotet går i hagen framfor hotellet sin kjente sveitserfasade.

Løypa gjennom sentrum, forbi Reiselivsmuseet og inn i Lærargata, der ein spring forbi bygdahuset og opp ein bratt sti til Sygna vidaregåande skule. Herfrå går løypa over fotballbana, forbi Belehalli og inn i skogen.

Vidare går det oppover til Orrabenken (370 moh.), eit populært utsiktspunkt der Røde Kors held til under løpet. Frå Orrabenken går løypa over Orramyri og gjennom bjørkeskog til Klukshaug (489 moh.), eit utsiktspunkt der ein kan sjå hytta og målområdet. Ein fortset vidare gjennom bjørkeskogen og over eit steinlagt parti til Buråsi (575 moh.). Her er det drikkestasjon, helsepersonell, og det blir teke mellomtid.

Etter Buråsi er kjem ein over tregrensa, og resten av løypa byd på vide utsikter mot Esefjella og over Sognefjorden. Det steinete partiet under toppen har blitt utbetra med gode steintrapper av Sherpaar frå Nepal. Stien har elles blitt mykje utbetra av lokale dugnadsfolk.

Målområdet ligg ved Baly-hytta, ei avlang trehytte bygd av studentar frå Bergen arktitekthøgskole i 2017.

Korleis ser løypa ut?

Sponsorar